page view image

Frukost med FRYD

Å ete frukost med fryd er viktig kvar dag, og nett denne dagen kan du, etter ein frukost i kaféen på Kabuso, også nyte vakre tonar frå damekoret FRYD frå Kvam Kulturskule.

Information
event image

Damekoret består av 20 damer som under dirigent Anne Cathrine Eiken si stødige leiing, gjev deg ei flott songoppleving som høyrer våren, sommaren og kjærleiken til. Ragna Helene Soldal knytter det heile saman med dikt og tekst. Gled deg til eit vårleg friskt pust, ei oppleving litt utanom det vanlege, ein frukost med FRYD der me serverer ei blanding av svenska viser, tradisjonelle songar og bånsullar.

kabuso hardingtonar fryd øystese

Verzichtserklärung

Kjøpte billettar vert ikkje refundert med mindre arrangementet vert avlyst.