page view image

BFO med forklaringar

Arrangementsinformasjon
event image

Har du ikkje vore på konsert med eit symfoniorkester før? 

Då er dette absolutt plassen for deg!
Har du vore på konsert med Bergen filharmoniske orkester før, men vil vite litt meir om konsertprogrammet for opningskonserten?
og er dette plassen for deg!

Frode Skag Storheim fortel og forklarer. På sin eigen, finurlege måte formidlar han kunnskap om programmet og førebur deg til opningskonserten. 

Og slik får du ei endå betre konsertoppleving!




Om Frode:
Frode Skag Storheim kjem frå Radøy i Nordhordland. Han er utdanna pianist ved Griegakademiet, først hos Audun Kayser, og seinare Jan Hovden.

Trass klassisk skulering, er Frode svært allsidig som utøvar. Han har arbeidd som pianist/repetitør mellom anna ved Bergen Nasjonale Opera, Den Nasjonale Scene, Bergen Filharmoniske Orkester og Sjøforsvarets Musikkorps.

Frode har også vore solist med mellom anna Universitetets Symfoniorkester, Bergen unge kammerorkester og Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Som frilanspianist har han holdt konsertar i mange europeiske land. Storheim er også mykje brukt som konferansier og konsertforedragshaldar, og har lang erfaring som pedagog i utøvande og teoretiske fag.

Som operapedagog for Bergen Nasjonale Opera har han delteke i fleire prosjekt for videregående skular.  No er han festivalpedagog og skal gje deg og meg eit ekstra grunnlag for å nyte JUBILEUMSTONAR.

hardingtonar
bergenfilharmoniskeorkester
edwardgardener
geirbotnen
norheimsund
hardanger
symfoniorkester