page view image

NABOTONAR Familiekonsert med Naboen min

Arrangementsinformasjon
event image

Dette er konserten der du kan ta med deg heile familien, ja faktisk heile slekta! 

Endeleg er Naboen min klar for Hardingtonar!
Når Naboen min, med frontfigurane Vegard Markhus og Bjørnar Sangolt, kjem på scenen kan me vente oss songar om både dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Om du i tillegg vil lære deg nokre glosar på romvesensk, ja, då er du absolutt komen på rett plass.

Dei to naboane skriv songane sine sjølve og seier dei har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Me ser det ligg an til at dei når dette målet med glans, og gler oss stort til å lage ein feiande fin familiefestkonsert!

Vegard Markhus Vokal og gitar
Bjørnar Sangolt Gitar og kor
Einar Olsson Trommer og kor
Eirik Utne Bass og kor
Gutekoret Gullgutane

Naboen Min gav i 2018 ut debutplata si «Rockesock». Denne vann dei Spellemannsprisen i kategorien «Barnemusikk» for. Musikken på albumet spenner frå rock til viser, og ein kan òg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane, som er på nynorsk, finn ein både humor og alvor.

hardingtonar
naboenmin
bjørnarsangolt
vegardmarkhus
familiekonsert
tameddegeinnabo
hardanger
norheimsund

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar vert ikkje refundert