page view image

JUBILEUMSTONAR - Opningskonsert!

Arrangementsinformasjon
event image

Bergen Filharmoniske Orkester kjem til Hardingtonar med Edward Gardner som dirigent.

Bergen Filharmoniske Orkester er heile Vestlandet sitt orkester. I mange år har BFO vore ein hjørnestein for musikkfestivalen Hardingtonar og også dette året er det dei som tek ansvaret for opningskonserten. Denne kvelden opnar me den 30. Hardingtonarfestivalen i rekkja!

Dirigent: Edward Gardner, dirigent
Solist: James Ehnes, fiolin

På programmet:
Geirr Tveitt: Opningsverk
Carl Nielsen: Konsert for fiolin og orkester, op. 33
Igor Stravinsky: Vårofferet

Sjefdirigent Edward Gardner tek med seg eit uvanleg stort orkester til Hardingtonar i år, heile 110 musikarar. Det må til for å kunne framføre Vårofferet, Igor Stravinsky sitt banebrytande verk, som skapte sjokkbylgjer då balletten vart sett opp for fyrste gong i Paris i 1913. Både koreografien til Nijinski og musikken til Stravinsky braut med alle etablerte normer, og skandalen var eit faktum då dansarane ikkje heldt takten. «Verket til ein galen mann», sa operakomponisten Puccini. I dag er musikken trygt etablert på repertoaret, no som eit framleis friskt og nyskapande konsertstykke.
Den store danske komponisten Carl Nielsen byrja på sin einaste fiolinkonsert då han, etter invitasjon frå Nina Grieg, vitja Bergen i 1911. «Musikken må vere god, innhaldsrik og slåande utan å vere overflatisk» sa Nielsen sjølv om konserten. Fiolinkonserten er i gode hender hjå den kanadiske fiolinisten James Ehnes, som fleire gonger har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester.


hardingtonar
festtonar
opningskonsert
hardanger
norheimsund
norheimsundidrettshall
harmonien
bergenfilharmoniskeorkester
musikkfestival
geirrtveitt
edward
edwardgardner
jamesehnes

Restriksjoner

Kvar kjøpar kan tinge inntil 10 billettar

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert