page view image

Fosse og Tveitt på fjorden

Bli med Fosse og Tveitt på fjorden. Høgtlesing av eit knippe av nobelprisvinnar Jon Fosse sine tekstar, musikk av Geirr Tveitt og tur med bokbåten Epos på den vakre Hardangerfjorden. Kan det verte betre?

Informasjon
event image

Denne totalpakken blir ei kulturoppleving av dei sjeldne. Grip sjansen og meld deg på turen som går frå kaien i Norheimsund, forbi Vikøy – med utsikt til Tveit, og vidare til Fossvågen, med retur same vegen.
Skodespelar Arnhild Litlere les Fosse-tekstar, slik berre ho kan, og pianist Geir Botnen spelar verk av Geirr Tveitt – musikk som han kjenner ut og inn gjennom tallause framføringar og ei rekkje plateinnspelingar.

Alt dette ramma inn av Hardangerfjorden, om bord i ein båt som vart levert frå skipsverftet Fjellstrand på Oma i 1963, og som mange har eit forhold til. Den trufaste «travaren» har farta rundt om på Hardangerfjorden, og på andre fjordar, med litteratur til folket. Mange av oss hugsar varme somrar med bading i Epos-bølgjene, ein rein bonus i tillegg til bøkene som kom sjøvegen.

Også Jon Fosse har eit nært og sterkt forhold til bokbåten Epos, ikkje berre på grunn av at forfattaren og båten er sambygdingar, men fordi båten har ein viktig funksjon, slik det blir skildra i Klassekampen i samband med 60-årsjubileet for bokbåten i fjor:
«Frå oppveksten hugsar eg godt fleire fine turar på fjorden med Epos. Stor gratulasjon til sekstiåringen», skriv Fosse i ein e-post til avisa.
Han skildrar Epos som eit siglande litteraturhus frå lenge før litteraturhusa, som kunne bringa den litterære kulturen til dei som budde på småstadar langs vestlandsfjordane.
«Bøker kom, som kunne lånast, og oftast var det også eit program med opplesing eller liknande, for små og store. Betre kulturell distriktspolitikk kan knapt tenkjast», skriv Jon Fosse.
Dei første bokbåttenestene på Vestlandet starta i 1959. Sidan 1963 har bokbåten Epos vore eit flytande og omreisande bibliotek i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, heilt til Vestland fylkeskommune la ned tenesta i 2020. I 2022 vart det oppretta ei stifting for å drive båten vidare som litteraturbåt.
Marie Pile Svåsand er dagleg leiar i stiftinga Litteraturbåten Epos.
– Eg drøymer om å ha med dei største forfattarane til dei minste bygdene, seier entusiasten Svåsand til Klassekampen.

Medverkande: 
Arnhild Litlere (opplesar)
Geir Botnen (piano)
Litteraturbåten EPOS

jonfosse hardingtonar geirtvett fosseogtveittpåfjorden norheimsund strandebarm hardangerfjorden

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.