Trygve Skaug

Arrangementsinformasjon

Ein konsert med Trygve Skaug er ein blanding av gode tekstar, høg musikalsk kvalitet, lun poesi og finurlege betraktningar om livet slik det er og slik me drøymer om at det skal vera.

Skaug er både låtskrivar, vokalist og poet. Musikken hans har sidan 2010 vore over 220 veker på NRK P1 A-, B-, og C-lister. Han er ein av dei lyrikarane som sel mest i Norge og låg på topplista i lyrikk gjennom heile 2016 og 2017. I tillegg er dikta hans mellom dei mest delte på sosiale media, med over 90.000 fylgjarar.

hardingtonar
hardanger
musikkfestival
trygveskaug
norheimsund
norheimsundidrettshall