Tveittsongar III - og ein kaffikopp i Skaarhuset

Arrangementsinformasjon

Tredje konsert i serien om Tveittsongane

Songaren Njål Sparbo og pianisten Einar Røttingen har samarbeidd i 20 år, med hovudvekt på songar av norske komponistar.
Under Hardingtonar 2020 får me den kunstnariske avslutninga av eit tre-årig prosjekt ved Universitetet i Bergen, der dei to har fordjupa seg i 70 songar av Geirr Tveitt. Dette gjer me ved å ha tre konsertar, fordelt på tre dagar, i tre ulike konsertlokale

Denne festivalsundagen besøkjer me stovene i Skaarhuset i Norheimsund. Her får me servert tredje og siste konsert i serien av Tveittsongar. Denne gongen er det tekstar av Olav H. Hauge og Jan Magnus Bruheim. Lokalet er det gamle, flotte "Skaarhuset".

tveittsongar
hardingtonar
norheimsund
skaarhuset
sundagskaffi

Ansvarsfraskrivelse

Betalte billettar vert ikkje refundert