Naboen min

INFORMACJE O IMPREZIE

Dette er konserten der du kan ta med deg heile familien, ja, faktisk heile slekta!

Når Naboen min, med frontfigurane Vegard Markhus og Bjørnar Sangolt, kjem på scenen kan me vente oss songar om både dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Om du i tillegg vil lære deg nokre glosar på romvesensk, ja, då er du absolutt komen på rett plass.

Dei to naboane skriv songane sine sjølve og seier dei har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Me ser det an til at dei når dette målet, og gler oss stort til lage ein familiefestkonsert!

hardingtonar
naboenmin
familie
rockesock
norheimsundidrettshall

Ograniczenia

Betalte billettar vert ikkje refundert!