Naboen min
Når "Naboen min" går på utescena i hotellhagen blir det stor stas! Her blir det mogeleg å svinge rockefoten, til å synge med, danse, lytte, eller alt på ein gong.
Naboen min er eit band samansett av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og multiinstrumentalist Bjørnar Sangolt. I 2018 kom bandet Naboen Min ut med si debutplate «Rockesock". Plata er ei samling nyskrivne barnesongar, og har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Det kan ein trygt seie at den får, og dei to musikarane har vorte musikalske heltar både for små og større publikummarar. Musikken deira spenner seg frå rock til viser, og ein kan òg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane finn ein både humor og alvor. -Dette gler me oss til. Naboen min - i hotellhagen!!
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.